Mitt fagfelt er knytta til emballering og korleis det påverkar produktkvaliteten (f.eks sjømat, kjøttprodukt); ulike pakkegassar/modifisert atmosfære, aktiv emballering (t.d. CO2-emitter), emballasjemateriale og emballeringsteknologiar, og effekt på bakterievekst (tradisjonelle dyrking) og mikrobiota (DNA-sekvensering), kjemiske/fysiske eigenskapar og sensorisk kvalitet. Arbeidet omfattar også hygienisk kvalitet på råvare, relatert til emballering og holdbarheit.

Eg er utdanna sivilagronom ved NMBU, Institutt for husdyrfag (1999) med spesialisering innan akvakultur og sjømatkvalitet. Doktorgraden (tildelt desember 2008, NMBU) omhandla gasspakking med redusert gassvolum og bruk av CO2-emitter til torsk og laks, og effekt på mikrobiologisk og sensorisk kvalitet. Prosjekt eg jobbar med (off.finansierte/direkte betalte oppdrag), inkludert som prosjektleiar, er i samarbeid med industri, inkludert arbeid retta mot reduksjon av matsvinn, både nasjonalt og i EUs Platform-arbeid.

+47 98 63 80 84

+47 64 97 01 04

E-post

Ås

Trygg og holdbar mat

Cristin Se publikasjoner i Cristin