Gå til hovedinnhold

Eg er ansatt som seniorforskar i faggruppa Ernæring og fôrteknologi i Nofima. Eg har lang erfaring med laksefisk, men har også erfaring med andre arter. Arbeidsområde har vore forskjellige tema innan generell ernæring. Hovudområde er fôrsamansetning, vurdering av fôrråvarer og utnytting av næringsstoff. Eg har også vore involvert i prosjekt på økologisk akvakultur og bærekraft. Dei siste åra har eg hatt spesielt fokus på fett i fôr, og særleg med utgangspunkt i utfordringane med forsyning og utnyttelse av omega-3. Eg er utdanna Cand. Agric. i husdyrernæring (1986), og Dr. Scient i Akvakultur og ernæring (1992) frå Universitet for miljø- og biovitenskap (UMB). Kompetanse som seniorforskar etter intern evaluering i tidlegare AKVAFORSK (2007)
.