I dette prosjektet undersøkjer vi utfordringar knytt til dyrevelferd i fiskeri i ei verd der både natur og teknologi er i stadig endring.

Sist oppdatert

Les på engelsk

Bakgrunn

I forbindelse med dyrevelferd oppstår det fleire etiske debattar. Frå eit breiare perspektiv inkluderer dette den moralske grunngjevinga for å drepe eit sansande dyr for å bruke det til mat, når ikkje-sansande alternativ (for eksempel planter) er tilgjengelege.

Debatten kan vurdere kva grad av smerte eller liding det er akseptabelt å påføre dyr som er hausta for konsum, korleis ein kan minimere lidinga ein påfører, og korleis ein kan balansere eventuelle auka kostnadar ved meir humane fiskemetodar med fordelane av betra fiskevelferd.

Der det er mogeleg å identifisere meir skånsame fiskemetodar, kan det bli ynskjeleg å motivere fiskarar til å endre sin praksis og sine metodar.

At relativt lite merksemd har blitt retta mot dyrevelferd i fiskeri per i dag, kan vere fordi det blir vurdert som eit svært omstridt spørsmål som fyrer opp under eit polarisert samfunn: frå dyrerettsaktivistar som kanskje ynskjer å forby fiske fullstendig, til fiskerinæring som sterkt vil forsvare sin noverande praksis, i alle fall så lenge som det ikkje finst gode økonomisk levedyktige alternativ.

I tillegg vil klimaendringar kunne ha dramatiske konsekvensar for fiskeri i framtida, både fordi det kan endre kor tilgjengeleg fisken er, men også fordi hetebølgjer og surare hav verkar inn på fisken sine stressmekanismar og evne til å tole påkjenningane frå fisket.

Mål

Føremålet med dette prosjektet er å styrke Nofima sin kompetanse på dyrevelferd i fiskeri, med hovudfokus på kvitfisknæringa, samt identifisere utfordringar knytt til tematikken i ei verd der både natur og teknologi er i stadig endring. 

Delmål

Delmål 1:

  • Oppbygging av eit tverrfagleg kompetansegrunnlag for dyrevelferd i fiskeri som skal ende i ein interdisiplinær vitskapeleg fagfellevurdert oversiktsartikkel.

Delmål 2:

  • Utvikle verktøykasse for velferdsindikatorar hjå torsk
  • Undersøke potensielle effektar av stigande temperaturar og forsuring av hava i fisken sine ulike livsfasar. I tillegg skal vi sjå på korleis dette påverkar overleving og evne til å takle påkjenningar og restitusjon frå stress påført under fangst

Delmål 3:

  • Vurdere marknadskrefter som kan fungere som drivarar for betre dyrevelferd
  • Undersøkje betalingsvilje for dyrevelferd og vurdere om sertifiseringsordningar vil endre betalingsvilje

Delmål 4:

  • Vurdere kva regulatoriske verkemiddel som kan brukast for å betre dyrevelferd i fiskeri samt analysere kostnadsimplikasjonane av desse.

Dette gjer vi

For å styrke kompetansen på dyrevelferd i fiskeri har vi ein open dialog med andre forskingsmiljø og arrangerer workshops for å diskutere tema knytt til dyrevelferd.

Vi ynskjer å gjere tema synlege i offentlegheita ved å delta på Nor-Fishing og halde innlegg på Forskningsdagane. I tillegg er vi i gong med ein stor systematisk gjennomgang av relevant fagfellevurdert litteratur. 

I mai 2022 starta vi opp eit forsøk med juvenil torsk. Forsøket tar sikte på å forstå korleis klimarelaterte stressfaktorar, spesielt ei hetebølgje og høgare nivå av karbondioksid (CO2) påverkar helsa og velferden til atlantisk torsk (Gadus morhua).

Vi undersøkjer om hetebølgjer påverkar fisken si evne til å tolerere stress.

Resultata frå dette forsøket vil hjelpe oss i oppgåva med å utvikle ei verktøykasse for velferdsindikatorar hjå torsk. 

Ein ser at samfunnet er i endring og at det er aukande fokus på dyrevelferd, også hjå villfisk. Ein konsekvens av dette kan på sikt vere lovpålagte endringar i fiskeria. Desse endringane vil kunne ha konsekvensar for økonomien i fisket som igjen kan få følgjer for samfunnet.

I fyrste rekke vil det truleg medføre endringar i fangstkostnadene og kanskje samansetninga av kostnadene – for sistnemnde er drivstofforbruket spesielt relevant i klimasamanheng. I tillegg til kostnadsimplikasjonane kan også tilbodet av mat verte endra som følgje av reguleringsgrep og fiskefartøya si tilpassing til dette.

Forskningsområder

Fangst

Lignende prosjekter

Slakting på sjøen