Det overordna målet med dette prosjektet er å fremje verdiskaping, inkludert økosystem­tjenester, og ein videre ekspansjon av tarenæringa i Europa.

Sist oppdatert

Les på engelsk

Start

01. okt 2022

Slutt

30. sep 2025

Finansiert av

SeaSoil er finansiert gjennom EUs Horisont 2020 forsknings- og innovasjonsprogram (ERA-NET BlueBio cofund tildelingsnummer 817992) og gjennom SeaSoil-prosjektet finansiert av Norges forskningsråd (tildelingsnummer 339232).

Samarbeid

Atlantic Technological University, NORSØK, NMBU, Århus Universitet, Estonian University of life Science, FAZOS (Kroatia), Ocean Forest, Oilean Glas Teoranta, Feamainn og Chosta Thair Teoranta (Donegal Seaweed, Ireland)

Det vil fylle kunnskapshol om potensielt giftige element i dyrka sukkertare og i villhausta tang og tare. I tillegg vil prosjektet auke forståinga av verknaden av å bruke slikt algemateriale i jord på opptak av potensielt giftige stoff i avlinger og på karbonbinding og lagring.

Bakgrunn

Kart som viser samarbeidspartnerane i prosjektet SeaSoil. Foto: SeaSoil

Det er store kunnskapshol som må fyllast før ein lykkast med å oppskalera tang og tarenæringa i Europa, og spesielt taredyrkinga er i ein tidleg fase av utvikling og implementering.

Taredyrking kan sikre blå vegetasjon og blå skog som binder karbon, og dermed redusere klimaendringane i tillegg til å absorbere fosfor (P) og nitrogen (N) frå havet og oppretthalde marint biologisk mangfald.

Bruk av mineralgjødsel i landbruket har eit stort miljøavtrykk, og aukar etterspørselen etter berekraftige alternativ.

Det er vist at bruk av tangmateriale (fersk, tørka, ekstrahert eller restar frå kjemisk behandling) som jordforbetringsmiddel kan auke planteveksten og forbetre jordstrukturen. Det har i tillegg stort potensiale for karbonlagring i jord. 

Auka bruk av tang og tare til mat, fôr og jordforbetring gjev otte for det høge innhaldet av potensielt toksiske stoff (PTS som jod, kadmium og arsen) i tang og tare. 

Mål

Det overordna målet med SeaSoil er å fylle kunnskapshol om PTS i dyrka sukkertare og arsen i tangmateriale som brukast i jordbruket for gjødsling, jordforbetring og karbonlagring (CSS). 

Delmål

  1. Estimere arvbarhet og genetisk samvariasjon mellom innhald av kadmium, Arsen (As) og jod i sukkertare frå to område i Norge, og vurdere seleksjonsrespons for å redusere innhaldet av dette
  2. Studere verknaden av å tilsette ulike mengder med ulik frekvens av algemateriale og vassmetting på dynamikken av As i jord for å bestemme kjemisk reaktivitet og potensiell biotilgangen av labilt As i eit utandørs karforsøk med to plantevekstar
  3. Estimere potensialet for å bruke algemateriale for å auke karbonfangst og -lagring i landbruksjord
  4. Studere effektar av tareproduksjon på miljøet (primært klimaendringar) ved hjelp av livsløpsanalysar, og analysere nytten i forhold til kostnad for tarenæringa, inkludert økosystemtenester
  5. Studere realistisk lønsemd og regulatoriske stimuleringstiltak for produksjon og bruk av (rest-) biomasse frå dyrka tare
  6. Sikre engasjerande og inkluderande samarbeid, open og effektiv kunnskapsformidling og kursing i samsvar med ansvarleg forsking og innovasjon.
Hausting av sukkertare ved Ocean Forest på Austevoll. Foto: Ingrid Olesen/Nofima

Dette gjer vi

Nofima koordinerer prosjektet og leier arbeidet med genetiske analyser av kadmium, As og jod i sukkertare frå to områder i Noreg (Ocean forest i Austevoll og i Tromsø).

Dette vil gi grunnlag for å vurdere mogleg seleksjonsrespons for å redusere innhaldet av dette i dyrka sukkertare.

Prøver frå eit dyrkingsforsøk ved Havbruksstasjonen i Tromsø vil bli analysert ved NMBU for kjemisk innhald, i tillegg til genomiske analysar.

I tillegg bidreg forskarar frå Nofima i arbeidet med å sikre ansvarleg forsking og innovasjon (RRI), engasjera interessentar, kunnskapsformidling, studiar av lønsemd og regulatoriske stimuleringstiltak for produksjon og bruk av (rest-) biomasse frå dyrka tare.

Publikasjoner