Gå til hovedinnhold

Prosjektet Eple-Handling vil fremja samarbeid i heile verdikjeda, med fokus på å redusera omfanget av fysiologiske skadar og ròte.

Sist oppdatert

Read in English

Start

01. jun 2020

Slutt

31. mai 2024

Finansiert av

FJM - Forskingsmidlene for jordbruk og matindustri

Samarbeid

Grøntprodusentenes samarbeidsråd GPS, Telefrukt AS, Ullensvang Fruktlager ASA, Hardanger Fjordfrukt SA, NIBIO, Sintef Ocean AS, NMBU, Swedish Agricultural University, Esteburg (Tyskland), Katholieke Universiteit Leuven (Belgia)

Prosjektleder(e):

Hanne Larsen

Det er forventa ein 40 % auke i norsk epleproduksjon frå 2018 til 2023. Skal omsetnaden handtera ei slik mengd med eple må fruktkvaliteten optimaliserast i saman med betre handtering av epla etter hausting, forbetra lagringstilhøve for kort og lengre lagring, og meir kommunikasjon i verdikjeda.

Omfanget av fysiologiske lagringsskadar vil verta redusert gjennom auka fokus og kunnskap om årsaker i felt og på lager, saman med å kombinera teknisk, fysisk, biologisk og økonomisk kunnskap for forbetra styring av fruktlager.

Det vil vera fokus på kalsium-innhald i frukt, optimal haustetid og nedkjøling etter hausting for å seinka vidare mogning av epla. Ròte på eple kan vera årsaka av ei rekkje ulike patogen.

Ny kunnskap om patogenar, smittekjelder og handtering

I prosjektet Eple-Handling vil ny kunnskap gje meir forståing for biologien til patogena, avdekka smittekjelder og faktorar i miljøet både før og etter hausting som fremjar sjukdomsutvikling. I tillegg vil det verta undersøkt korleis etylen og mykotoksinar vert påverka av faktorar etter hausting med dei effektane dei har på fruktmogning og innhald i juice.

I Eple-Handling skal det byggjast kunnskap naudsynt for å handtera eple både i kort og lengre lagringstid. Data i eksisterande eller nye datasystem skal nyttast til å setja fokus på fruktkvalitet og kritiske kontrollpunkt for forbetring både på fruktgarden og hjå fruktlager.

I prosjektet skal det utdannast ein PhD- og fleire masterstudentar. Det skal etablerast eit nettverk om forskings- og utdanningsaktivitetar mellom PhD-studentar og forskarar i Sverige og Tyskland.