Bærekraftig handtering av eple etter hausting

Prosjektet Eple-Handling vil fremja samarbeid i heile verdikjeda, med fokus på å redusera omfanget av fysiologiske skadar og ròte.
Det er forventa ein 40 % auke i norsk epleproduksjon frå 2018 til 2023. Skal omsetnaden handtera ei slik mengd med eple må fruktkvaliteten optimaliserast i saman med betre handtering av epla etter hausting, forbetra lagringstilhøve for kort og lengre lagring, og meir kommunikasjon i verdikjeda.
Omfanget av fysiologiske lagringsskadar vil verta redusert gjennom auka fokus og kunnskap om årsaker i felt og på lager, saman med å kombinera teknisk, fysisk, biologisk og økonomisk kunnskap for forbetra styring av fruktlager.
Det vil vera fokus på kalsium-innhald i frukt, optimal haustetid og nedkjøling etter hausting for å seinka vidare mogning av epla. Ròte på eple kan vera årsaka av ei rekkje ulike patogen.
Ny kunnskap om patogenar, smittekjelder og handtering
I prosjektet Eple-Handling vil ny kunnskap gje meir forståing for biologien til patogena, avdekka smittekjelder og faktorar i miljøet både før og etter hausting som fremjar sjukdomsutvikling. I tillegg vil det verta undersøkt korleis etylen og mykotoksinar vert påverka av faktorar etter hausting med dei effektane dei har på fruktmogning og innhald i juice.
I Eple-Handling skal det byggjast kunnskap naudsynt for å handtera eple både i kort og lengre lagringstid. Data i eksisterande eller nye datasystem skal nyttast til å setja fokus på fruktkvalitet og kritiske kontrollpunkt for forbetring både på fruktgarden og hjå fruktlager.
I prosjektet skal det utdannast ein PhD- og fleire masterstudentar. Det skal etablerast eit nettverk om forskings- og utdanningsaktivitetar mellom PhD-studentar og forskarar i Sverige og Tyskland.