Valideringsrapport: Bestemming av Ca, Cu, Fe, K, Mg, Mn, Na, Y og Zn i fôr, fôringrediensar, fisk og feces ved bruk av ICP-OES og mikrobølgeomnsoppslutting
Sammendrag
Formålet med dette prosjektet var å validere metoden «NS-EN 15621-2017» for bestemming av innhald av
kalsium, kopar, jern, kalium, magnesium, mangan, natrium, yttrium og sink i fôr, fôringrediensar, fisk og feces.
Prøvane vert tilsett salpetersyre og vatn, og oppslutta under høgt trykk og temperatur i mikrobølgeomn
(UltraWave). Oppslutta prøve vert fortynna vidare med vatn, og elementkonsentrasjonane vert målt ved bruk av
induktivt kopla plasma optisk emisjonsspektroskopi (ICP-OES).
Det vart utført validering av selektivitet, riktigheit, presisjon, linearitet, måleområde, robustheit og
måleusikkerheit. I tillegg vart det gjort gjenfinningsforsøk med yttrium, då denne ikkje er inkludert i den eksterne
valideringa. Etter gjennomgang av resultata, vert metoden ansett å vere godkjent.
Les publikasjonen her:
Publikasjonsdetaljer
Utgiver : Nofima
Publikasjonstype : Nofimas rapportserie
Serier : Nofima rapportserie
År : 2022

