Genetisk variasjon i motstandskraft hos laks mot Gyrodactylus salaris
Gjerde, Bjarne; Aslam, Muhammad Luqman; Jacq, Celeste; Hindar, Kjetil; Bakke, Tor A.; Bentsen, Hans Bernhard
Sammendrag
I ein kontrollert smittetest der laksungar frå tre norske Gyrodactylus salaris (Gs)-infiserte laksestammer og tre Gs-frie laksestammer vart testa mot Gs, vart det funne stor genetisk variasjon i motstandskraft mot parasitten målt som død/levande ved slutten av den 84 dagar lange testen. Den realiserte arvegrada for motstandskraft mot Gs vart derimot funnen å vere langt lågare enn den estimerte arvegrada. Det vil difor ta mange laksegenerasjonar med naturleg seleksjon før laksen vil kunne leve med parasitten utan nemneverdig reduksjon av produksjonen av laks i Gs-infiserte elvar. Funn av to betydelege gen (QTLar) for motstandskraft mot Gs, gjer at ein med målretta avl kan oppnå høgare motstandskraft mot Gs i løpet av færre generasjonar, og dette er difor ein mogleg strategi i elvar der utrydding av parasitten med kjemiske midlar kanskje ikkje er mogleg. Sidan det er lite sannsynleg at Gs vil kunne eliminerast totalt frå norske Gs-infiserte elvar ved naturleg eller meir målretta avl, vil det truleg alltid vere ein risiko for spreiing av Gs til Gs-frie vassdrag.
Les publikasjonen her:
Publikasjonsdetaljer
Tidsskrift : Naturen , 2022 , vol. 146 , no.5 , pp. 178–185
Publikasjonstype : Vitenskapelig artikkel
