Publisert 2013

Les på engelsk

Publikasjonsdetaljer

Utgiver : Nofima

Internasjonale standardnummer :
Trykt : 978-82-8296-142-4

Publikasjonstype : Nofimas rapportserie

Bidragsytere : Gjerde, Bjarne; Gjedrem, Trygve; Thorland, Ingunn

Serier : Nofima rapportserie 48/2013

År : 2013

Har du spørsmål om noe vedrørende publikasjonen, kan du kontakte Nofimas bibliotekleder.

Kjetil Aune
Bibliotekleder
kjetil.aune@nofima.no

Sammendrag

Dersom generasjonsintervallet kan reduserast frå fire til tre år vil den genetiske framgangen per år auke med 33% gitt elles like forhold. Hos laks kan dette oppnåast ved produksjon av familiar som vert sett i sjøen som 0+ haustsmolt i staden for som 1+ vårsmolt. I dette prosjektet testa vi familiar frå tre årsklassar som vart sett ut som 0+ smolt (2006, 2009 og 2010) og to årsklassar sett som 1+ smolt (2006 og 2009) for tilvekst og kjønnsmodning. For fisk sett ut som 0+ haustsmolt var prosent kjønnsmoden fisk etter to vintrar i sjøen og tre års alder (nkjm0+) jamt over lågare enn for fisk som blir sett ut som 1+ vårsmolt etter ein vinter i sjøen og fire års alder (nkjm1). Fordi nkjm0+ fisk blir brukt som stamfisk vil prosent nkjm0+ fisk truleg auke over tid. Det vart ikkje funne nokon tydeleg effekt på nkjm0+ av å gi 0+ fisken kontinuerleg lys frå 1. april etter to vintrar i sjøen. Difor er det helst for eigenskapar der utvalet er basert på utval mellom familiar (sjukdomsresistens, kvalitet) at ein reduksjon i generasjonsintervallet vil gi større genetisk framgang per år. For eigenskapar der ein også gjer utval innan familie (tilvekst) kan det tenkast at utsett av eit større tal 1+ fisk kunne gitt like stor auke i genetisk framgang per år som å setja ut mange 0+ fisk, men der færre modnar ved tre års alder. Det vart funne ein betydeleg arveleg variasjon for nkjm0+, medan den genetiske variasjonen for tkjm1+ var vesentleg lågare. Den genetiske korrelasjonen mellom nkjm0+ og tkjm1+ var nær null i begge årsklassane (0.21±0.18; -0.02±0.10). Det betyr at dersom ein vel å redusere generasjonsintervallet frå fire til tre år og samtidig ynskjer å redusere prosent tkjm1+ fisk må 1+ smolt frå dei same familiane testast for tkjm1+. Men tkjm1+ data er først er tilgjengeleg i juli etter eitt år i sjøen og difor to til tre månader etter pre-seleksjonen av foreldra til ein ny generasjon 0+ smolt. Difor må ein for å oppnå genetisk framgang også for tkjm1+ velje ut stamfisk frå mange familiar slik at utvalet mot tkjm1+ kan gjerast rett før eller ved stryking av foreldra i oktober/november. For vekt av fisk sett ut som 0+ (vekt0+) og 1+ (vekt1+) smolt vart det funne ein betydeleg arveleg variasjonen og med ein relativ høg genetisk genetiske korrelasjonen mellom vekt0+ og vekt1+ (0.78±0.07; 0.76±0.05). Det gjer at utvak for vekt0+ også vil gi ein betydeleg genetisk framgang for vekt1+. Produksjon av 0+ smolt gjer at denne ved merking er relativt mindre enn tilsvarande 1+ smolt noko som gjer at ikkje alle fisk er store nok til å bli 0+ smolt. Vi fann vi ein betydeleg underestimering av den genetiske framgangen for sluttvekt av å ikkje kunne merke dei minste fiskane i kvar familie, men at denne effekten relativt enkelt kan korrigerast for ved å vege alle fiskane ved merking. Den genetiske framgangen for tilvekst kan aukast betydeleg ved å merke dei største fiskane i kvar familie i staden for eit tilfeldig utval som det er vanleg å gjere.