Rapport/avhandling  »  Rapport/avhandling

Mot utval for auka motstandskraft mot lus hos laks

Trenger du hjelp? Kontakt Nofimas bibliotek med dine spørsmål om publikasjoner:
Kjetil Aune

Bibliotekleder
kjetil.aune@nofima.no

Tromsø: Nofima 2013 (ISBN 978-82-8296-075-5) 11, p. Nofima rapportserie (16/2013)

Gjerde, Bjarne

Lus på oppdrettslaks og utvikling av resistens hos lus mot kjemiske midlar mot lus har blitt eit aukande problem dei siste åra. Dette har ført til auka interesse for bruk av alternative strategiar som leppefisk, spesialfôr, vaksine, mekanisk avlusing, tradisjonell avl og markørassistert og genomisk seleksjon. Ein påliteleg test av motstandskraft mot lus er berre muleg i ein kontrollert smittetest og kan målast som tettheit av fastsittande (TFL) eller bevegelege (TBL) lus per fisk. For alle dei fire årsklassane som vart testa i dette prosjektet vart det funne stor arveleg variasjon i både TFL og TBL Dette viser at laksen sin motstandskraft mot lus kan aukast gjennom eit målretta avlsarbeid og utan negative effektar på andre eigenskapar det vert gjort utval for. Det vil ikkje løyse dagens luseproblem, men vil over tid kunne redusere behovet for avlusing, redusere risikoen for utvikling av lus som er resistent mot dagens legemidlar mot lus og auke levetida på desse legemidlane, og redusere infeksjonspresset av lakselus på vill laksefisk. Det vart funne mange SNP-ar spreidde over mange kromosom med betydeleg skilnad i allel frekvens mellom fisk med mange og få lus. Men vi fann ingen kraftig QTL for motstandskraft mot lus hos laks, noko som tyder på at denne eigenskapen er styrt av mange gen kvar med ein liten effekt. Dette arbeidet fortsetter i samarbeid med SalmoBreed. Ved utval berre for auka motstandskraft mot lus kan vi vente ein framgang på 24% per generasjon eller ein akkumulert effekt på heile 75% over fem generasjonar; dvs. at tal fastsittande lus per fisk i ein merd vil bli redusert frå i gjennomsnitt 3 til 0.75. Men fordi det også må gjerast utval for andre eigenskapar vil framgangen i praksis bli mindre enn dette. Kor lang tid det vil ta før ein matfiskoppdrettar vil kunne sjå ein positiv effekt i form av redusert tal avlusingar er difor avhengig av kor stor vekt avlsselskapa legg på eigenskapen motstandskraft mot lus i forhold til andre eigenskapar dei gjer utval for. Det lange tidsperspektivet vi må ha ved avl for auka motstandskraft mot lus gjer det vanskeleg for eit avlselskap åleine å legge stor vekt på denne eigenskapen, då det på kort sikt vil gjere deira materiale mindre konkurransedyktig for andre eigenskapar. Fordi eigenskapen motstandskraft mot lus har svært stor samfunnsøkonomisk verdi bør ein difor diskutere om staten og næringa i fellesskap bør sete eit krav om at alle avlselskapa må teste og gjere utval for auka motstandskraft mot lus.

Relatert innhold

  • Eksterne lenker