Relatert innhold

  • CV
  • Vitenskapelige publikasjoner
  • Andre publikasjoner

Biografi Ragnhild Aven Svalheim

Eg er PhD-stipendiat i Nofima og har jobba her sidan 2013. Mine forskingsområder er fiskeribiologi og symje- og restitusjonsfysiologi hjå fisk. Arbeidet mitt går ut på å eksperimentelt simulere forhold som oppstår under det kommersielle trålfisket og undersøke korleis desse forholda verkar inn på fisken sin fysiologi og kva konsekvensar dette har for kvaliteten på råstoffet. Ved å simulere trålfiske opnar ein for å studere ulike fasar av denne type fiskeri og for å sjå korleis desse enkeltvis påverkar fisken, med omsyn på velferd og kvalitet. Eg har ein bachelorgrad i Miljø- og ressursfag frå Universitet i Bergen med fokus på tverrfagleg tilnærming til menneskeskapte miljøutfordringar. Vidare har også ein Master of Science i Fiskeribiologi og forvaltning frå same universitet. I masteroppgåva mi tok eg føre meg hudmorfologi og skjelltap hjå sild som er trengt i not . Oppgåva handla i stor grad om kva grad skjelltap verkar inn på dødelegheit for sild som blir sleppt frå nota.