Linser og bønner på rekkje og rad. Foto: Oddvin Sørheim

Plastfri sone

I Berlin opna i september ein ny butikk der alle varer blir selde i lausvekt, ikkje ulikt ein tradisjonell norsk landhandel. Ideen med butikken er å kutta bruken av plast som går til avfall.

Ingen varer er pakka i plast-emballasje, men blir selde tørre eller flytande via behaldarar. Kundane tek med eigen små-emballasje eller kjøper små behaldarar av glas og metall eller tøyposar i butikken til å lasta varene over i.

Butikken med namnet «Orginal unverpackt» har dei siste månadene opplevd ei enorm media-interesse i Tyskland, og i internasjonal presse blant anna frå resten av Europa og USA.

«Orginal unverpackt» har starta i eit lite og temmeleg anonymt lokale på ca. 100 m2 i bydelen Kreuzberg. Målet er seinare å kunna utvida og finna eit større lokale.

Bilde av butikken uten plast

«Orginal unverpackt» held til i ein tidlegare slaktebutikk. Foto: Oddvin Sørheim/Nofima

Innreiinga i butikken er enkel, fri for tilbodsskilt og reklame for merkjevarer. Meininga er i starten å ha eit avgrensa utval på opptil ca. 600 varer, med berre ein type pr. vare.

Etter å ha teke med eller kjøpt tom-emballasje til gjenbruk og fått påsett eit klistremerkje med nettovekt, kan kundane via sjølvbetening fylla opp varene i akkurat dei mengdene dei vil ha. Såleis unngår ein overforbruk.

Mykje tørrvarer, ikkje kjøt eller fisk

Under besøket vårt hadde butikken mange medarbeidarar til stades for å rettleia kundane og hjelpa til med veging. Det er lagt omtanke i hygienisk handtering av varene. Mesteparten av vareutvalet er tørrvarer, i tillegg til frukt og grønsaker, juice og syltetøy, oljar, vin, snop og vaskemiddel.

Mykje av varene er økologiske, og butikkeigarane vil at mest mogeleg av varene skal stamma frå Berlin sitt nærområde Brandenburg.

Varer med svak lagringsevne som kjøt og fisk og som krev kjøling, må inntil vidare kjøpast i andre butikkar.

«Orginal unverpackt» tek ikkje mål av seg til å konkurrera med dei store butikkjedene på pris og vareutval. Den har nok høgare kostnader blant anna fordi det er meir personale i butikken.

Plasseringa av den første butikken i Kreuzberg er truleg ikkje tilfeldig. Denne bydelen har blitt eit multikulturelt strøk for folk med interesse for mat som er økologisk, kortreist eller vegetarisk.

Berre nokre minuttars gonge frå butikken ligg «Markthalle Neun», ein spennande mathall der slike varer er å få kjøpt.

Har slike butikkar ei framtid andre stader enn i Berlin?

Foto av matoljerDei to grunnleggjarane, Sara Wolf og Milena Glimbovski, søkjer etter franchise-takarar i fleire byar i Tyskland.

Butikkar som sel matvarer utan plast-emballasje har så vidt vore prøvde før i England og USA, men utan stor suksess. Truleg er dette opplegget best eigna for ei lita nisje i spesielle marknader.

Butikken har ein flott heimeside og eigarane er svært aktive på sosiale media. Før opninga fekk dei inn 145.000 Euro frå private støttespelarar, delvis ved såkalla «crowdfunding».

Besøksadresse: Wiener Strasse 16, Kreuzberg, Berlin.

 Trygg og holdbar mat  

Les mer om:

Relatert innhold

  • Filer og lenker