Foto av flyvende fiskefôr
Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen/Nofima

Med kunnskap må Norge sikre langsiktig vekst for laksenæringa

Kronikk

Fram til 2050 ser Verdens matvareorganisasjon (FAO) for seg at verda treng ei nær dobling av kjøtproduksjonen. Korleis kan Noreg bidra til at denne veksten blir berekraftig?

Kontaktperson
Portrettbilde av Torbjørn Einar Åsgård
Kontaktperson
Portrettbilde av Trine Ytrestøyl
Kontaktperson
Portrettbilde av Turid Synnøve Aas
Turid Synnøve Aas

Forsker
Tlf.: +47 71 40 01 37
synnove.aas@nofima.no

Over fleire tiår har norsk lakseproduksjon fordobla seg kvart 10. år eller i snitt 7 % vekst per år. Klarer vi å legge til rette for slik vekst vidare, vil produksjonen i 2050 nå 13 millionar tonn. Med 5 % vekst blir det 6 millionar tonn. Skal dette bli realitet, må mange ting på plass. Framfor alt må vi ha fôrressursar å produsere av, for fôr er den viktigaste innsatsfaktoren for vekst.

I 1990 var laksefôret 90 % fiskemjøl og fiskeolje og 10 % vegetabila (kveite). No er det heilt annleis. I 2013 var andelen marine råvarer i fôret redusert til 30 % og 70 % kom frå landjorda. Endringa er eit resultat av ein stille revolusjon, å byggje kunnskap trinn for trinn.

Fisken treng næringsstoff og ikkje spesielle fôrmiddel, men det krev at vi kjenner fisken sine eksakte næringsbehov i ulike livsfasar. I tillegg må vi kunne kombinere tilgjengelege fôrressursar til eit fôr som tilfører fisken det han treng og vil eta, og det må ikkje vera ukjente nissar med på lasset i form av antinæringsstoff, miljøgifter eller toksin.

Bør fôrmidlane kome frå havet eller frå landjorda? Ja takk, begge deler. Kravet må vere at ressursbruken er ansvarleg og berekraftig. Mykje av fôrmidlane som vert bruka i kjøtproduksjon, kunne vore nytta til mat. Likevel ventar FAO at konsumet av kjøt vil auke og såleis auke behovet for fôrvarer. Ein veksande lakseproduksjon må ha tilgang på fôrressursar i egna kvantum, kvalitet og pris. Her har fôrmidlar frå landbruket både fordelar òg ulemper. Fiskemjølbruken har internasjonalt fått kritikk for å overutnytte fiskestammer, men dei siste åra har ein stor del av fiskeria blitt sertifisert gjennom ansvarleg og balansert uttak. Aminosyrer og mineral har same næringsverdi om dei kjem frå land eller hav, men dei sunne «marine» feittsyrene EPA og DHA må kome frå egna kjelder.

Laksen utnytter næringsstoffa meir effektivt enn kylling og gris og krev mindre energi og fosfor og har lågare CO2-avtrykk. Denne toppstillinga må det byggjast på vidare, både frå næringa og frå det offentlege. Vi må byggje kunnskap så vi til ei kvar tid er i stand til å vidareforedle den aukande andelen fôrressursar frå verdsmarknaden i best kombinasjon med norske. Men fridom i val av fôrmiddel krev at vi byggjer ny og presis kunnskap om laksen sine behov. Dette kan sikre at fisken held seg frisk og rask og endar opp som eit høgt verdsett og etterspurd produkt som kan fylle sin del av kravet til auka kjøtproduksjon i framtida. Det er av interesse, både for næringa sjølv og for det offentlege, å bygge kunnskap som kan sikre langsiktig utvikling og realisering av vekstpotensialet.

Kronikken sto først på trykk i Fiskeribladet Fiskaren 19. februar 2014.

 Ernæring og fôrteknologi  

Les mer om:

Relatert innhold