Satsing på oppdrettsfisk og storfekjøt i Tanzania

Forskarar frå matforskningsinstituttet Nofima har vore i Tanzania for å drive avlsarbeid på oppdrettsfisken Nil-tilapia samt for å gje råd om slakting, transport og omsetjing av storfekjøt.

Kontaktperson
Portrettbilde av Ingrid Olesen
Ingrid Olesen

Forskningssjef
Tlf.: +47 976 94 098
ingrid.olesen@nofima.no

Kontaktperson
Oddvin Sørheim

Forsker
Tlf.: +47 900 15 436
oddvin.sorheim@nofima.no

Oppdraget er en del av utviklingsprogrammet «Enhancing Pro-poor Innovations in Natural resources and Agricultural Value-chains» der UMB ved Noragric er norsk koordinator.

Oppdrett av tilapia
Som i dei fleste land i Afrika er det lite oppdrett av fisk og skaldyr i Tanzania trass i at dei har eit stort udekt behov for og stor etterspørsel etter fiskeprotein. I tillegg har Tanzania store naturlege ressursar for ein slik produksjon i form av vatn, landareal, kyst og lokale fôrressursar. I 2009 vart det berre produsert 5 722 tonn i landet, og det blir derfor satsa på å auke og forbetre produksjonen. På universitetet i Morogoro har dei eit lite forsøksanlegg der dei gjennomfører forsøk med tilapia med fokus på fôring og drift. Det er ikkje noko avlsarbeid for fisk eller skaldyr i Tanzania og produksjonen er såleis basert på villfisk frå Victoriasjøen, noko som gjer produksjonen både vanskeleg og lite effektiv.

I samarbeid med Sokoine Agricultural University er det planlagt å gjennomføre forsøk for å starte eit avlsarbeid med Nil-tilapia som er ein populær og rasktvoksande tropisk ferskvass-fisk. Ein av dei mange positive eigenskapar til tilapia som på få år er blitt ein av verdas mest utbreidde oppdrettsartar, er at dei har korte generasjonsintervall på berre eitt år. Dermed er det mogeleg å få rask avlsframgang.

Ønsker å importere  tilapia
Plana er å starte eit forprosjekt der vi samanliknar produksjonen med villfisk og den foredla stammen GIFT (Genetic Improved Farm Tilapia). På denne måten kan ein demonstrere effekten av eit avlsarbeid gjennom fleire generasjonar. GIFT-fisk som opphavleg stammar frå Afrika, men som er selektert for raskare tilvekst gjennom 20 generasjonar og år i Asia, er interessant fordi den er forventa å vokse minst dobbelt så raskt som den lokale villfisken i oppdrett. Ein arbeider derfor for å importere GIFT-fisk for å kunne få ein mykje raskare forbetring av fiskematerialet og veksten av tilapia i Tanzaniansk oppdrett. Styresmaktene i landet har alt gjeve løyve til import for dette forskingsformålet. Eit alternativ er å starte avlen frå grunnen med villfisk frå Victoriasjøen. Masterstudenten Sebastiaan Lemens vil også gjennomføre sin masteroppgave på tilapia-oppdrett i Tanzania i tilknytning til prosjektet.

Ein viktig del av prosjektet vil være å spreie foredla settefisk som kan vokse raskare og vere betre tilpassa eit liv i oppdrettsmiljø til klekkeri og oppdrettarar i nærområdet, for på den måten å stimulere til auka og meir effektivt fiskeoppdrett i Tanzania. Fiskeoppdrett har vist seg å kunne bli ein viktig næringsveg eller tilleggsnæring for små og fattige bønder, og for å skaffe rimeleg og sterkt etterspurd fisk til det store marknadssegmentet med svak kjøpekraft i Tanzania.

Produksjon av storfekjøt
Tanzania har over 20 mill storfe, mest av rasen Zebu, men produksjonen er lite effektiv sidan dyra ofte blir leverte til slakting når dei er i dårleg hald eller er for gamle. Skrottvekter på berre 100 – 150 kg er ikkje uvanleg. Som eit forbetringstiltak, vil det i prosjektet bli gjort forsøk der storfe frå vanleg beiting vil bli samanlikna dyr som har fått ekstra energirik fôring. Dyra vil bli slakta når dei er mest mogeleg slaktemodne. Effekten av denne behandlinga på slaktevekt, klassifisering, kjøtkvalitet og mørhet vil bli undersøkt. Resultata vil gje grunnlag for rådgjeving til bønder og nomadefolk som held storfe.

Forsøka med storfe blir gjennomførte i og rundt turistbyen Arusha nord i landet. Tanzania har sviktande straumforsyning, som igjen fører til at ei stabil kjølekjede for kjøt er vanskeleg å få til. Landet har eit fåtals slakteri i eller i nærleiken av dei store byane. Slakteria er ikkje EU-godkjende, slik at dei er berre innretta på innanriks omsetjing. Dei dyra som ikkje går til slakteri, blir leverte til enkle slakteplassar. Kjøt frå morgonslaktinga blir som regel selt og ete i løpet av 12 – 15 timar, utan etterfølgjande møyrning.

Kvalitetstiltak ved slakting, transport og sal
Mykje av omsetjinga av storfekjøt føregår i såkalla «butcher shops» eller slaktebutikkar. Dette er små enkle lokale utan kjøling. Eigarane av slaktebutikkane går først på auksjonar, kjøper dei slaktedyra dei vil ha, leverer dei så på slakteriet, betaler for leigeslakting og hentar til sist skrottane og køyrer dei sjølv til butikken. Hygienen på slakteri, under transport og i slaktebutikkar kan forbetrast, og dette vil me arbeida vidare med i prosjektet.

For slaktebutikkane vil me sjå på opprusting av utstyr og kjølefasilitetar. I første fase av prosjektet gjorde me omfattande intervju med folk langs verdikjeda for å høyra deira meining om kvalitet og omsetjingssystem for storfekjøt. Intervjua omfatta gardar med kjøt- og fôrproduksjon, slakteri, transportørar av slakt, slaktebutikkar, pølsemakeri, supermarknader, restaurantar og kafèar, lokal- og turisthotell og forbrukarar. I storbyane finst det moderne supermarknader med kjølediskar, og dei dyrare turisthotella har også bra fasilitetar. Me møtte stor velvilje, og intervjua føregjekk delvis på swahili og engelsk.

Fakta om prosjektet:
Utviklingsprogrammet “Enhancing Pro-poor Innovations in Natural resources and Agricultural Value-chains» (EPINAV) går i perioden 2011-14 og har som hovudmål å forbetra matproduksjon, landbruk, skogbruk og miljø i Tanzania. Dette UD-finansierte programmet er eit samarbeid mellom Sokoine Agricultural University, UMB ved Noragric, NVH, Nofima og andre institusjonar. Noragric er norsk koordinator i programmet. Nofima deltek i to av 16 prosjekt i programmet.

 Avl og genetikk    Trygg og holdbar mat  

Relatert innhold