Trendar frå kjøtbransjen i USA

Naturleg og lokalprodusert mat saman med fokus på mattryggleik er dei mest sentrale stikkorda for trendane i den amerikanske kjøtbransjen.

Kontaktperson
Oddvin Sørheim

Forsker
Tlf.: +47 900 15 436
oddvin.sorheim@nofima.no

Kontaktperson
Portrettbilde av Tom Christen Johannessen

Nyhetssak

Naturleg og lokalprodusert mat saman med fokus på mattryggleik er dei mest sentrale stikkorda for trendane i den amerikanske kjøtbransjen.

Nyleg besøkte Nofima delstaten Wisconsin i USA for å studera kjøtbransjen og omsetjinga av kjøt. Kjøtbransjen i Wisconsin fekk grunnlaget sitt frå tyske innvandrarar, som tok med seg reseptar og prosessar frå heimlandet.

Delstaten har i dag over 400 aktive bedrifter i kjøtbransjen, alt frå store internasjonale selskap som Oscar Mayer til små slaktebutikkar. Me vitja også kjøtavdelinga på University of Wisconsin – Madison, og avslutta turen hos bransjeorganisasjonen American Meat Institute (AMI) i Washington DC.

«Natural» større gjennomslag enn økologisk
Den viktigaste trenden i USA for tida heiter «natural». Det betyr at kjøt skal vera minst mogeleg foredla og ikkje vera tilsett fleire stoff enn stengt nødvendig. Som eit eksempel er bruken av monosodiumglutamat (MSG) sterkt redusert. Nitritt og nitrat er gjerne erstatta med selleripulver, som gjev same stabile raudfarge på produkta, men som etter enkelte si meining tek seg betre ut på etiketten.

«Natural» har no større gjennomslagskraft i marknaden enn økologisk. Interessa for økologisk mat har stagnert, og omsetjinga av økologisk kjøt utgjer berre ca. 3 % av totalen. Trenden med å tilsetja mindre salt og natrium til kjøtvarer held fram. Det finst også eit bra tilbod av gluten-frie kjøtvarer.

Låg-karbo er ut
Bølgja på låg-karbo hadde ein kortvarig topp i USA rundt 2005, men får lite merksemd no. Dei me møtte i USA, hadde lita tru på at trenden på låg-karbo vil vara særleg lenge i vår del av verda heller.

Amerikanarane er mykje opptekne av auka tilgang på ferdige måltid. I kjøtindustrien er heile måltid som er varmebehandla etter prinsippet med kok-i-pose mykje brukt.

Lokal-produsert mat er i vekst i USA, og mange lokale småbedrifter har opna utsal i nærmiljøet eller sel kjøtvarer over nett. Argumentet om kortreist mat blir brukt aktivt i marknadsføring av kjøt og netthandel med mat blir stadig meir populært.

Nye krav for tryggare mat
Mattryggleik har lenge fått stor merksemd i USA, truleg endå meir enn i Norge og andre deler av Europa. No har helsestyresmaktene i USA komme med krav til 6 nye E. coli-bakterietypar, i tillegg til tidlegare krav til type O157. Det er føreslege å innføra null-toleranse for alle desse typane av E. coli frå juni 2012.

Kjøtbransjen i USA med støtte frå fleire import-land har argumentert mot dei nye krava, og hevdar at det ikkje er dokumentert at kjøt blir tryggare med slike reglar. Kostnadene med nye kontroll-tiltak vil bli betydelege. I kjøtbransjen blir det stadig testa ut nye prosessar og tilsetjingsstoff mot patogene bakteriar. Styresmakter og bransje støttar også mange forskingsprosjekt på mattryggleik, eksempelvis på E. coli, Listeria og Salmonella. Styrkjing av mattryggleik er eit område der alle i kjøtbransjen samarbeider utan å konkurrera mot kvarandre.

Offensiv og profesjonell bransjeorganisasjon
American Meat Insitute yter service og støtte til ein betydeleg del av kjøtbransjen som driv med storfe, svin og kalkun. Arbeidsområda for AMI går på emne som kriseberedskap, lobby-verksemd, opplæring og hjelp til internasjonal handel. AMI meiner at bransjen bør bli meir open mot samfunnet, og i større grad fortelja omverda om korleis kjøt blir produsert og foredla.

Organisasjonen arbeider tett med amerikanske forskingsmiljø innanfor trygg mat, dyrevelferd, helse, miljø og kjøtkunnskap. Det blir gjeve direkte økonomisk støtte til forskingsprosjekt av særleg interesse for bransjen.

Eit nytt tiltak frå AMI er såkalla Meat MythCrushers. I dette programmet tek AMI opp myter og feiloppfatningar om kjøt, og har laga korte videoar og fakta-ark om slike tema, til no om 18 ulike saker. Desse videoane er tilgjengelege på nett og YouTube. Amerikanske kjøtforskarar frå organisasjonen American Meat Science Association er intervjua på videoane og gjev faglege råd for eit breitt publikum. Desse myteknusarane har blitt svær populære i USA.

Kunnskap til innovasjonsprosjektet
Denne studieturen var ein del av prosjektet «Innovasjon i kjøtbransjen», eit samarbeid mellom Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning og Nofima. Prosjektet er finansiert av Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter, og blir avslutta innan utgangen av 2012.

 Råvare og prosess    Sensorikk, forbruker og innovasjon  

Relatert innhold