Gå til hovedinnhold

Velkommen til kurs for deg som ønsker å lære mer om å lage sider.

Tidspunkt(er)

01. okt 2021
01. okt 2021

Sted

Måltidets Hus AS, Richard Johnsensgt. 4, Ullandhaug, 4021 Stavanger

Pris

900,- pr. deltakar inkl. lunsj, kaffi/te, kursmateriell og sidersmaking

Sist oppdatert

Tidspunkt for kurset: 09.00 – 16.30

Målet med kurset

Kurset er tilpassa deg som vil vita litt meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga din eigen sider eller ynskjer å prøva. Kurset er og nyttig om du vurderer å satsa på sider-produksjon som næring, og som forkurs for Kompetansenettverket for lokalmat sine 3-dagars siderkurs i Ulvik (3.-5. november).

Innhald

• Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
• Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt, tilpassa ulike produksjonsomfang
• Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? tilsetjing av sukker?
• Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
• Sensorisk marknadsføring. Korleis faktorar som emballasje og historieforteljing påverkar kunden
• Trendar innan sider
• Smaking av tradisjonelle sidertypar og sider med smakstilsetjing og issider. Korleis vurdera smak på sider.
• Besøk til Sandalen gard, Randaberg – omvisning i sideriet og smaksprøvar

Målgruppe

Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon med mindre enn 10 årsverk. Erfaring med juiceproduksjon kan vere ein fordel, men kurset passar for nybegynnarar og!

Vel møtt til faglig veiledning og nettverksbygging!

Kurshaldarar

  • Eivind Vangdal, tidlegare frukt- og siderforskar ved NIBIO Ullensvang forskingssenter på Lofthus. Han bidreg med sin unike kunnskap om sider-produksjon saman med
  • Guro Helgesdotter Rognså. Ho har doktorgrad innan molekylær gastronomi, er sommelier og dommar i fleire norske mat- og drikke konkurransar.

Arrangører; Nofima, Kompetansenettverk lokalmat, Rogaland fylkeskommune og Vestland fylkeskommune.

Kontaktpersoner