Kurs

Kurs i pakking av kjøt

 Trygg og holdbar mat  

Årets kurs vil omfatta pakketeknikk og kjøtkvalitet med særleg vekt på miljø. Kurset er praktisk vinkla, og har som målgruppe bransjane for kjøt og emballasje.

Dato:15. oktober 2018 – 16. oktober 2018
Sted:Nofima, Osloveien 1, 1430 ÅS
Pris:2800 kr, inkl. kursmateriell og lunsj begge dagane
Kontaktperson
Oddvin Sørheim

Forsker
Tlf.: +47 900 15 436
oddvin.sorheim@nofima.no

Kontaktperson
Portrettbilde av Stine Thøring
Stine Thøring

Adm. koordinator
Tlf.: +47 932 06 474
stine.thoring@nofima.no

Påmelding

Meld deg på her

Påmeldingsfrist 26. september. Avgrensa tal på deltakarar.

Norsk kjøtbransje og daglegvarehandel står over for store utfordringar innan pakking av kjøt og foredla kjøtvarer. Eksempel på slike utfordringar er farge og utsjåande på produkta, lagringsevne og bakterievekst, temperatur i kjølekjeda, lys og forhold i butikk, samt omsyn til forbrukarane sine ønskjer. Matsvinn er ei betydeleg utfordring også på kjøt, og framleis må mykje kjøt og pålegg kastast fordi det luktar ille eller er misfarga. Meir miljøvenleg emballasje og pakking blir stadig viktigare, for kjøt til liks med andre matvarer.

Målet med kurset er å gje svar på korleis me best kan møta desse utfordringane og finna gode pakkeløysingar for framtida.

Målgruppa for kurset er først og fremst kjøtbransjen, både innan raudt og kvitt kjøt, samt leverandørar til bransjen innan emballasje og pakkemaskiner. Andre som vil ha nytte av kurset er tilsette i daglegvarehandel og kvalitetsarbeid på kjøt. Kurset er praktisk retta med foredrag, diskusjonar og vising av utstyr for pakking. Eksempel på pakking av storfekjøt, kjøtdeig, svinekjøt, kjuklingkjøt, kokt pålegg, spekeskinke og spekepølse vil bli omtala.

Program

Måndag 15. oktober

– møteleiar Oddvin Sørheim

11:00 Registrering

11.30 Opning med presentasjon av kursopplegg og deltakarar

12:00 Lunsj

12:45 Pakkemateriale: Pakkemetodar og –maskiner v/Marit Kvalvåg Pettersen

14:15 Pause

14:30 Mikrobiologi – holdbarhetsreduserande og sjukdomsframkallande bakteriar v/Askild Holck

15:30 Pause

15:45 Gruppevise øvingar og demonstrasjonar – fire stasjonar på pakking, emballasje-analyser, farge og smaksbedømming v/ Hanne Larsen, Marit Kvalvåg Pettersen, Karen Wahlstrøm Sanden, Lene Øverby, Oddvin Sørheim og Mari Gaarder

17:00 Avslutning av første dag

 

Tysdag 16. oktober

– møteleiar Yngve Krokann

08:30 Farge og kvalitet på pakka kjøt, spekemat og kjøtpålegg v/Oddvin Sørheim og Hanne Larsen

10.00 Pause

10:15 Merkjing av pakka kjøt og kjøtvarer v/Tom Chr. Johannessen

11:00 Vurdering av pakker laga forrige dag

11.30 Lunsj

12:15 Kva er miljøvenleg pakking av kjøtvarer? v/ Hanne Larsen

13:15 Nytt regelverk for emballasje i EU v/Yngve Krokann

13:45 Oppsummering av kurset

14:00 Avslutning

 

Med atterhald om seinare endringar i programmet.

 

Velkommen!

Arrangørar: Nofima, Emballasjeforsk og Emballasjeforeningen

 

Relatert innhold

  • Filer og lenker