Kurs

Kurs i pakking av kjøt

 Trygg og holdbar mat  

Norsk kjøtbransje og daglegvarehandel står over for store utfordringar innan pakking av kjøt og foredla kjøtvarer. Målet med kurset er å gje svar på korleis vi best kan møta utfordringane og finna gode pakkeløysingar for framtida.

Dato: 14. februar 2017 – 15. februar 2017
Sted: Nofima, Osloveien 1, 1430 Ås
Pris: Pris pr. deltakar 2600 kr, inkl. kursmateriell og lunsj begge dagane
Kontaktperson
Oddvin Sørheim

Forsker
Tlf.: +47 900 15 436
oddvin.sorheim@nofima.no

Kontaktperson
Portrettbilde av Solveig Le Divenah
Solveig Le Divenah

Adm. koordinator
Tlf.: +47 977 79 796
solveig.le.divenah@nofima.no

Påmelding

Meld deg på her

Eksempel på aktuelle utfordringar er farge og utsjåande på produkta, lagringsevne og bakterievekst, temperatur i kjølekjeda, lys og forhold i butikk, samt omsyn til forbrukarane sine ønskjer. Matsvinn er ei betydeleg utfordring også på kjøt, og framleis må mykje kjøt og pålegg kastast fordi det luktar ille eller er misfarga.

Målgruppa for kurset er først og fremst kjøtbransjen, både innan raudt og kvitt kjøt, samt leverandørar til bransjen innan emballasje og pakkemaskiner. Andre som vil ha nytte av kurset er tilsette i daglegvarehandel og kvalitetsarbeid på kjøt. Kurset er praktisk retta med foredrag, diskusjonar og vising av utstyr for pakking. Eksempel på pakking av storfekjøt, kjøtdeig, svinekjøt, kjuklingkjøt, kokt pålegg, spekeskinke og spekepølse vil bli omtala.

Arrangør er Nofima og Emballasjeforeningen.

 

Program:

Tysdag 14. februar – møteleiar Oddvin Sørheim

11.30 Opning med presentasjon av kursopplegg og deltakarar

12:00 Lunsj

12:45 Pakkemateriale

Pakkemetodar og –maskiner v/Marit Kvalvåg Pettersen

14:15 Pause

14:30 Mikrobiologi – holdbarhetsreduserande og sjukdomsframkallande bakteriar v/Askild Holck

15:30 Pause

15:45 Gruppevise øvingar og demonstrasjonar – tre stasjonar på pakking, emballasje-analyser og farge v/Aud Espedal, Lene Øverby, Karen Sanden, Hanne Larsen, Marit Kvalvåg Pettersen og Oddvin Sørheim

17:00 Avslutning av første dag

 

Onsdag 15. februar – møteleiar Yngve Krokann

08:30 Farge på kjøt og kjøtpålegg v/Oddvin Sørheim og Hanne Larsen

09:45 Pause

10:00 Smak og kvalitet på pakka spekemat v/ Mari Gaarder

10:45 Merkjing av pakka kjøt og kjøtvarer v/Tom Chr. Johannessen

11:30 Lunsj

12:15 Mindre matsvinn med rett pakking v/ Oddvin Sørheim

12:45 Vurdering av pakker frå forrige dag – oppsummering av kurset

13.30 Avslutning

Med atterhald om seinare endringar i programmet.

Påmeldingsfrist fredag 27. januar 2017.

Lenke til påmelding på finner du til høyre på siden. Avgrensa tal på deltakarar.

Les mer om:

Relatert innhold